Legg til rette for 100 krykkjepar

REIRHYLLER: Ein krykkjehjell er ein konstruksjon med reirhyller for krykkjer, bygt etter prinsippa for dei gamle fiskehjellane for tørking av fisk, som ein tidlegare fann mange av langs kysten. 

Nyhende

Stad kommune har gjeve Jan-Ove Leikanger løyve til å setje opp ein krykkjehjell på ei utfylling innanfor 100-metersbeltet til sjø på Leikanger. Føremålet er å ta vare på krykkja, i første omgang legg ein til rette for 100 hekkande krykkjepar.