Endrar søknadsfristen for å hjelpe lag og organisasjonar

På grunn av koronakrisa kan lag og organisasjonar i Sogn og Fjordane på nytt søke om pengar frå overskotet til Sparebanken Sogn og Fjordane.

NY RUNDE: Det vert no ei ekstra søknadsrunde, der overskotet frå Sparebanken Sogn og Fjordane skal kome dei frivillige til gode i ei vanskeleg tid. Bilde er frå Malakoff eit tidlegare år.   Foto: Tormod Flatebø/ILL.FOTO

Nyhende

– Det er naturleg at vi tilbyr ei ekstra søknadsrunde i den krevjande situasjonen samfunnet vårt er oppe i. Lag og organisasjonar er limet i lokalsamfunnet vårt, og det er viktig at overskotet frå banken kjem dei frivillige til gode også i ei vanskeleg tid.

Det seier Trond Teigene, administrerande direktør i Sparebanken Sogn og Fjordane, i ei pressemelding. I 2020 vil det bli brukt rundt 55 millionar kroner til samfunnsnyttige formål gjennom både gåver og sponsormidlar.

Pengane som vert gitt i gåver vert forvalta av Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, og det er via stiftinga lag og organisasjonar søkjer om pengar. Den ordinære søknadsrunden gjekk ut 1. mars, men det vert altså sett opp ei ekstraordinær søknadsrunde.

– Nesten 30 % av søknadane vi har fått inn, er ulike typar arrangement. No står fleire av desse i fare for å måtte avlyse. Det er også usikkert om lag og organisasjonar som har søkt om midlar til andre tiltak har dei same prioriteringane i dag som dei hadde då dei søkte i februar, seier Hallvard Klakegg, direktør i Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, i pressemeldinga.

Den nye søknadsfristen er sett til 15. mai, men sidan ingen veit kva som skjer framover vil det bli vurdert fortløpande om det er behov for nye tiltak eller utvida frist.

– Vi er opptatt av å vise lag og organisasjonar tryggleik og tilstrekkeleg fleksibilitet for å hjelpe dei gjennom ein krevjande fase, avsluttar Klakegg, i pressemeldinga.