Kommunedirektør Åslaug Krogsæter:

–Skal ikkje permittere tilsette

– Stad kommune skal ikkje permittere tilsette, sjølv om det kan vere utfordrande å halde alle i aktivitet.

Virtuelt møte: For første gon vart det gjennomført virtuelt politisk møte i Stad kommune. Erfaringane er så pass bra at det kjem til å bli fleire slike møte i tida framover. Kommuneleiinga heldt til i formannskapssalen\, medan politikarane sat heime eller på jobb. Foto: Stad kommune. 

Nyhende

Det sa kommunedirektør Åslaug Krogsæter på møtet i Stad kommune sitt Finansutval sist torsdag. Finansutvalet er samansett av Formannskap, utvalsleiarane for dei fire hovudutvala, Helse og omsorg, Areal og eigedom, Opplæring og utvalet for samfunn idrett kultur og næring. I tillegg har representantar frå dei partia som ikkje har faste medlemmer i formannskapet. Desse er Kristeleg Folkeparti og Sosialistisk Venstreparti. Møtet vart gjennomført digitalt.