Gult og oransje varsel

Slik påverkar uvêret trafikken

Det er sende ut oransje varsel for snøskred og gult varsel for sterke vindkast i områda i Sogn og Fjordane tysdag og onsdag.

VÊR: Tysdag og onsdag vert det mykje sterk vind og nedbør i områda i Sogn og Fjordane.   Foto: Anna Wuttudal

Nyhende

Denne veka har starta med nedbør og kraftige vindkast for områda i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Det er difor sende ut gult varsel for kraftige vindkast i desse områda. Ifølgje Yr vil vinden truleg fortsette fram til onsdag. Den vil kome frå sør eller sørvest og ligge på rundt 25 til 35 meter i sekundet ved utsette stadar.

Det ser ut til at også nedbøren vil fortsette fram til torsdag, då er det venta at nedbøren vert redusert og sola kan kome fram. Både fredag, laurdag og søndag ser det ut til å kome nedbør.

Stengde vegar

Dei kraftige vindkasta har dei siste dagane skapt ein del problem, spesielt for trafikken. Måndag vart Måløybrua stengt ei periode grunna sterk vind. Det vart også Strynefjellet, der også to vogntog vart tatt av vinden, ifølgje NRK.

Tysdag morgon var også trafikken og vegane påverka av vêret.

Status på fjellovergangane (Oppdatert 11:10):

  • Strynefjellet: Er stengt grunna sterk vind.
  • Filefjell: Er ope, og det skal stort sett vere bart.
  • Haukelifjell: Er ope, og det skal vere bart, men fare for glatte parti.
  • Vikafjellet: Stengt grunna uvêr. Ifølgje Statens vegvesen er det venta at det vert opna torsdag 26. mars klokka 16:00.
  • Hol – Aurland: Ope, og det skal vere bart og isdekke nokre stadar.

Snøskredfare i Indre Fjordane

Tysdag og onsdag er det sende ut eit oransje varsel for snøskred i Indre Fjordane, ifølgje varsom.no. Det skal vere betydeleg fare for snøskred i dette området grunna kraftig vind, mildvêr og høge temperaturar opp mot 1400 meter over havet og nedbør. Snøskreda kan losne sjølv eller av til dømes skiløparar ettersom det er store skvalar i fjellet som truleg vil bli svekka når snøen vert våt og tung. Desse kan også løyse ut snøskred i fjellsidene, varslar varsom.no. På dei høgste fjelltoppane kan det også ligge tørre fokksnøflak som kan bli påverka.

Varsom.no oppmodar difor om å vere varsam i bratte heng der snøen er våt.