Ein sjåfør meld til politiet

Under Statens vegvesen sin kontroll ved Kjøs måndag, var det fleire som fekk bruksforbod, gebyr og åtvaring. Ein sjåfør vart også meld til politiet.

KONTROLL: Det vart funne fleire manglar og feil då Statens vegvesen hadde kontroll måndag ved Kjøs.   Foto: Arkiv

Nyhende

Måndag ettermiddag og kveld var Statens vegvesen på plass på Kjøs der blant anna køyre og kviletida, dekk og kjetting vart kontrollert. Totalt 39 køyretøy vart kontrollert, medan 84 køyretøy var inne på kontrollplassen.

Ifølgje Statens vegvesen vart ein sjåfør meld til politiet for brot på køyre og kviletida. To sjåførar fekk også skriftleg åtvaring for mindre brot på køyre og kviletida.

Tre sjåførar fekk også gebyr under kontrollen. Ein bileigar fekk eit gebyr på 2400 kroner for å ikkje ha tilstrekkeleg med kjetting i lastebilen. I tillegg fekk to sjåførar gebyr på 500 kroner for å ikkje ha med vognkort under køyring.

Ein lastebilsjåfør måtte også smørje svingskiva på bilen ettersom den var heilt utan smurning, noko som kan påverke styring på bilen, ifølgje Statens vegvesen.

To lastebileigarar måtte også på verkstad for å skifte frontrute på lastebilane ettersom desse var knuste. I tillegg køyrde ein sjåfør med for brei last, og måtte merke breidda på køyretøyet før vidare køyring.

Ifølgje Statens vegvesen vart alle køyretøya kontrollert for dekk og kjetting, utan at det skal ha vore funne fleire feil eller manglar.