Samarbeid mellom Kjølsdalen og Eikanger-Bjørsvik

Vil spele på lag

For å få fleire til å spele i korps har Kjølsdalen Musikklag og Eikanger-Bjørsvik Musikklag starta eit samarbeid. Målet er å sikre rekruttering til musikkorps.

F.v. Jon-Vegar Sole Sundal (Eb-kornettist Eikanger-Bjørsvik), Stig Ryland (Styreleiar Eikanger-Bjørs.), Ole-Mathias Nes (Prosjektleiar samarbeid Kjølsdalen M.l.) og Anne Britt Nor (Leiar Kjølsdalen musikklag). 

Nyhende

Under NM brass i Bergen nyleg blei det underteikna ein intensjonsavtale, eller starten på eit samarbeid mellom Kjølsdalen Musikklag (KML) og Eikanger-Bjørsvik Musikklag. Målet er å styrke rekrutteringa til musikk og kultur som korpsrørsla er ein sentral del av, inn i framtida. Som kjent har det blitt vanskelegare å rekruttere dei unge til å spele i korps. Dette vil no dei to korpsa gjere noko med. Ei slik avtale vil kunne føre til tettare samarbeid og fleire arrangement for å motivere og skape speleglede i lag med andre.

Første konkrete steg kan bli eit seminar på Nordfjordeid, der musikantar frå Eikanger-Bjørsvik stiller opp som instruktørar på ulike instrument. Ei helg der unge som spelar i korps i Nordfjord og omegn kan få lære av dei som er veldig flinke i faget.

– Håpet er å kunne få til eit slikt seminar våren 2021, seier Ole-Mathias Nes, prosjektleiar for samarbeidet mellom Eikanger-Bjørsvik og Kjølsdalen Musikklag.

– Vi tenkjer oss ei helg på Nordfjordeid med øving/seminar som vert avslutta med ein konsert med Eikanger-Bjørsvik og lokale aktørar, seier Nes.

– Gjennom slike møte med dei beste musikarane vil dei unge kunne sjå at det er mogleg å nå langt med korpsmusikken både som hobby, men og som ein yrkesveg for dei som ynskjer å nå så langt, anten som utøvande musikar, musikklærar, dirigent eller musikkpedagog.

8. februar 2020 under NM brass i Grieghallen i Bergen, inngjekk Kjølsdalen Musikklag (KML) intensjonsavtale om samarbeid med flaggskipet i norsk korpsrørsle, Eikanger-Bjørsvik Musikklag frå Alver kommune i Vestland fylke.

Dei to korpsa har over litt tid diskutert eit slikt samarbeid der den viktigaste målsetjinga vert å arbeide for rekruttering og vidareutvikling av musikalske talent til korpsa i Stad, Alver og Vestland. Med den spisskompetansen Eikanger-Bjørsvik har ifrå toppen av norsk og internasjonal korpsrørsle er vi heilt sikre på at dette er eit samarbeid som vil bere frukter for begge korpsa.

Kjølsdalen Musikklag har også sterke band til Eikanger-Bjørsvik som gjer det heilt naturleg å ha ein intensjon om samarbeid akkurat med dette korpset. Musikalsk leiar og dirigent for KML, Arvid Anthun, har ei lang karriere bak seg i Eikanger-Bjørsvik og er noregsmeister fleire gonger, dobbelt europameister, vinnar av solistprisar og ein viktig bidragsytar for Eikanger-Bjørsvik i ei årrekke.

I tillegg er noverande Eb-kornettist for Eikanger-Bjørsvik, Jon Vegar Sole Sundal oppvaksen i Kjølsdalen og har sine musikalske røter her. Han har no bygd seg opp til å bli ein av dei fremste Eb-kornettistane i bransjen og har hausta lovord i inn- og utland.

– Vi gler oss til å sjå kva konkrete prosjekt og utviklingsområder samarbeidet mellom korpsa kan føre til. Vi håpar sjølvsagt også at Vestland fylkeskommune, Alver kommune og Stad kommune merkar seg at vi no knyt tettare band musikalsk og kulturelt i nye Vestland, og at dette er eit springbrett for fleire spanande samarbeid i tida som kjem, seier prosjektleiar for samarbeid Ole-Mathias Nes og leiar i KML Anne Britt Nor.

– Vi ser fram til å bli betre kjend med Kjølsdalen Musikklag og sjå kva vi kan utvikla saman. Talentutvikling har vore særs viktig for oss opp gjennom historia. Fleire barn og unge må motiverast til å halda fram med musikkhobbyen sin. Viss vi ikkje lukkast med det, vil rekrutteringa til vaksenkorpsa bli vanskelegare. Vi ser fram til å dela erfaringane våre med KML, seier styreleiar i EBML, Stig Ryland.