Bil velta i Heggjabygda

Søndag velta ein bil i Heggjabygda, og naudetatane rykte ut.
Nyhende

Det var klokka 14.00 søndag at Vest politidistrikt fekk melding om at ein bil hadde velta i Heggjabygda i Stad kommune.

Bilen låg delvis i vegbana, og naudetatane rykte ut.

Politiet var i kontakt med sjåføren som framstod som rusa.

Det er ikkje meldt om personskade.