Stor bildeserie

Heftig russerevy vekte latteren til live

Årets russerevy Lockdown vart ei heftig oppleving, der russen fekk stråle på scena i Operahuset på premieren fredag. I kveld er andre og siste framsyning.

Både blikk, rumpevrikk og personlegdom utstrålte litt spesielt frå scenekanten.

Nyhende

Fleire kjende og kjære ansikt frå Eid vidaregåande skule vart parodiert, og vekte latteren til live hos publikum. Slik som lærar Arild Heggen alias Olav Berstad, eller Ottar Bjørkedal alias Martine Nøstdal. Sistenemnda ville berre heim til den fine bjørka på Bjørkedalen.