Brann i lagerbygg - tunnel stengd i Måløy

Brannvesenet begynner å få kontroll på brannen i lagerbygning i nærleiken av Skoratunnelen i Måløy.
Nyhende

Det var litt over klokka 15.00 naudetatane fekk melding om brann i lagerbygg og rykte ut.

- Brannvesenet begynner å få kontroll på brannen. Det er ein eldre låve og ein stor garasje som det har vore brann i, opplyser Vest politidistrikt. Ingen skal ha blitt skadde i brannen.

I følgje NRK Sogn og Fjordane var det ei stund ikkje kontroll på brannen. Det var ein del røyk og rett før klokka 16.00 valde ein å stengje Skoratunnelen som ligg på fylkesveg 617.


Siste:

Skåratunnelen på fylkesveg 617 mellom Måløy og Raudeberg er no opna att. Trafikken blir dirigert.