Eit godt år for kinoen

Trass i rapportar om låge kinotal på landsbasis, var 2019 det tredje beste kinoåret for Stad kino etter at dei flytta inn i Operahuset Nordfjord.

TOPP TRE: Stad Kino hadde i 2019 sitt tredje beste år sidan dei flytta inn i Operahuset Nordfjord, ifølgje kinosjef Janne Mari Hjelle. Nesten 12.000 besøkande gjennom året er kinosjefen godt fornøgd med.   Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes (ARKIV)

Nyhende

I 2019 hadde Stad kino, tidlegare Eid kino, 11.909 besøkande, noko som er tredje beste besøkstala i løpet av dei ti siste åra.