Trym Dalset Lødøen i Ungdoms-OL

Slik gjekk det på sprinten

Måndag var det klart for ny distanse for Trym Dalset Lødøen. Denne gong var det sprint, og Trym hadde som mål om å ta seg vidare til semifinale.

SPRINT: Trym Dalset Lødøen tok seg heilt til semifinalen under sprinten i Ungdoms-OL måndag.  

Nyhende

Trym Dalset Lødøen (Haugen IL) frå Hjelmelandsdalen deltek i desse dagar under Ungdoms-OL i Lausanne i Sveits. Før helga debuterte han internasjonalt med ein flott 6.-plass under Ungdoms-OL.


I toppen under Ungdoms-OL

Trym Dalset Lødøen hevda seg i toppen under første distanse under Ungdoms-OL i Sveits.


Måndag var det ny distanse og sprint stod på plakaten. Trym tok seg fint vidare til kvartfinalen då han kom på tredjeplass i heatet sitt med tida 3:02.39. Deretter var det klart for semifinale for Trym. I semifinalen vart det derimot stopp, og Trym kom i mål på ein 6.-plass i sitt heat med tida 2:49.83, 11.30 sekund bak Luca Tomasoni frå Italia som vann heatet. Det vart med det ein 11.-plass på Trym under sprinten måndag. Det var totalt 24 utøvarar som deltok under sprinten.

I finalen vart det dobbelt italiensk. Rocco Baldini gjekk til topps og Luca Tomasoni tok andreplassen.

– Sprinten blir ei artig oppleving. Eg har ikkje like store forhåpningar til ei god plassering ettersom eg føler eg er betre på lenger distansar. Men i ein sprint kan mykje skje, så det er viktig og gje alt heilt til mål. Eg har eit mål om å kome meg vidare frå kvartfinalen og til semifinalen. Det kan bli tøft, men det hadde vore stas, kunne Trym fortelje til Fjordabladet før startskotet gjekk.