Malakoff og Alexander Pavelich kan vinne pris

For aller første gong vert prisen til «Årets Blest» delt ut under det store Luttpris-showet. Prisen skal gjere stas på dei som viser fram og hjelper artistane i regionen.

KAN VINNE: Malakoff og Alexander Pavelich er nominert til prisen "Årets Blest".   Foto: Tormod Flatebø

Nyhende

Dette kjem fram i ei pressemelding.

Blant finalistane finn vi både festivalar, klubbar, låtskrivarar, spelemannslag og produsentar. Publikum har vore med å nominert til denne prisen, og det er aller første gong den vert delt ut. Dei nominerte er Førdefestivalen, Inge Ronny Kvåle, Malakoff, Alexander Pavelich, Dan Mikal Ripe Frøystad, Frode Kvinge Flatland, Frode Kvinge Flatland og Jølster jazzklubb.

Får for lite heider

–Det er viktig å sette pris på dei som legg til rette, viser fram, produserer, arrangerer og engasjerer. Uten denne gjengen hadde ikkje artistane våre komme så langt som dei har gjort. Dette er utruleg viktige personar og organisasjonar, og eg meiner dei får alt for lite heider. Det seier prosjektleiar for Luttprisen, Stian Sjursen Takle i NRK Sogn og Fjordane.

Delt ut under Blest

Prisen vert delt ut i samarbeid med den store Blestfestivalen som vert arrangert i Førde samstundes som Luttprisen. Der står nokre av dei mest spennande nye artistane frå Nordfjord, Sunnfjord og Sogn på scena. Luttprisen vert arrangert på Larris Scene i Førde laurdag 18. januar. Det er ein fagjury som bestemmer kven som vinn prisen.

Desse er nominert

Inge Ronny Kvåle

Den første som er nominert til den første bakomprisen til Luttprisen er produsent, musikar, låtskrivar og arrangør Inge Ronny Kvåle. Han eig sitt eige platestudio i Sogndal, har spelt i ei mengd band og vore musikar saman med ei rekkje musikarar. Han gjer det mogleg for musikarar å spele inn musikken sin, han arrangerer store og små konsertar for å vise dei fram, han spelar sjølv ei mengd strengeinstrument, han skriv låtar, lagar musikk til NRK sin TV-serie «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu», og han jobbar i kulturskulen.

Alexander Pavelich

Produsent, låtskrivar, artist og multitalentet Alexander Pavelich frå Nordfjordeid har blitt ein av dei mest renomerte produsentane og låtskrivarane i Norge. Han jobbar med dei aller største internasjonale stjernene våre. Mellom dei er Alan Walker, som han var med å skreiv suksessen «Play» for. Han har også i 2019 skrive musikk både for mellom anna Tungevaag & Raaban, Lemàitre og Julie Bergan. Han har også gjeve ut musikk som artisten «Lovespeake.»

Spelemannslaget Fjelljom

Den tredje nominerte er Spelemannslaget Fjelljom. Dei held til i Stryn, og arrangerer mellom anna Fjelljomfestivalen med konsertar, kurs, treff med ungdomsprosjektet og utdeling av Bolstadprisen. I 2019 arrangerte dei Fylkeskappleik i Sogn og Fjordane i Stryn kulturhus. Dei vart og nominerte til FolkOrg sin pris «Årets lokallag» i 2019. Kvar veke spelar spelegruppa til dans enten i ungdomshuset Skogstjerna eller på Stryn omsorgssenter eller har vanleg øving. Spelemannslaget driv med rekruttering både i spel og dans, og samarbeider med både Kulturskulen, Fjelli ungdomslag og Tysdagssvetten om dette arbeidet.

Jølster jazzklubb

I snart ti år har Jølster jazzklubb jobba for å spreie jazz med høg kvalitet i regionen. Dei arrangerer jazzfestival i Jølster, men også mindre konsertar året rundt. Med festivalen «Jazz på Jølst» har dei i mange år klart å få store stjerner til scenene sine, samt at dei har vist fram mange nye spennande lokale talent.

Frode Kvinge Flatland

Frode Kvinge Flatland frå Førde jobbar mellom anna som produsent og låtskrivar for Myra og Lars Vaular. Han står bak store hits som «Det ordner seg for pappa» og «Kroppsspråk.» I tillegg er han bassist i rockebandet Ungdomskulen frå Sunnfjord saman med Kristian Stockhaus og Øyvind Solheim. Han har også blitt nominert til spellemannspris som beste produsent.

Malakoff

Malakoff har sidan oppstarten levert festival av høg kvalitet på Nordfjordeid. Litt etter litt har dei vokse til ein av dei største festivalane på vestlandet, og etter fleire år med om lag 30.000 besøkande og utseld festival har dei sagt at dei ikkje ønskjer å bli større. Festivalen har vist fram både lokale, nasjonale og internasjonale stjerner i den vakre parken midt i Nordfjordeid. Kvart år sørgjer mange hundre frivillige for at det er mogleg å arrangere ein slik stor festival i ei lita bygd. Festivalen har fleire gonger blitt nominert til norges beste festival.

Dan Mikal Ripe Frøystad

Dan Mikal Ripe Frøystad både eig, driv og produserer i sitt eige platestudio i Sunnfjord. Han spelar også sjølv i fleire coutry og danseband, som Gungslingers, Steinar Engelbrektson band og Mona-Jill band. Frøystad er ei drivkraft i musikklivet, og arrangerte også i 2019 sin eigen julekonsert med musikarar frå Sogn og Fjordane. Han gir også ut musikk som artist sjølv, og vann i 2019 musikkonkurransen til festivalen Trøkk n’ Truck i Førde.

Førdefestivalen

Førdefestivalen har levert over 30 år med internasjonal festival i Sunnfjord. Med artistar frå heile verda med høg kvalitet har dei sett Førde og festivalen på det internasjonale festivalkartet. Festivalen har hatt ei viktig rolle for å sette fokus på viktige tema, skapt store eigenproduksjonar, vore ein pådrivar for å få fram nye artistar og den har skapt samarbeid mellom musikarar med ulik bakgrunn frå heile verda. Festivalen fekk seinast i 2019 ein gjev pris i konkurranse med 800 andre festivalar i Europa. Festivalen har aktivitet året rundt og har skapt viktige kulturarbeidsplassar i Sunnfjord.