Eidar vart årets lærling

Denne helga var lærlingar i tømrarbransjen samla på Voss for å kåre årets lærling 2019. Dei to første plasseringane var det to frå Nordfjord som stakk av med.

ÅRETS LÆRLING: Kristian Stokkenes gjekk til topps under kåringa av årets lærling i tømrarfaget. Anders Flore frå Stryn vidaregåande skule fekk andreplassen. Markus Garrido Nilsen kom på tredjeplass.   Foto: privat

Nyhende

– Det var førsteplassen eg prøvde å sikte meg inn på for ei god stund sidan. Om det var realistisk veit eg ikkje, men eg klarte det til slutt, fortel Kristian Stokkenes til Fjordabladet rett etter at det vart klart at han er kåra til årets lærling i tømrarfaget i nye Vestland fylke, gamle Sogn og Fjordane og Hordaland.