Vogntog velta på Måløybrua

Kan kome opp i orkan styrke

Tysdag ettermiddag og kveld vert det på ny kraftige vindkast i Nordfjord, og ved Stad kan det kome opp i orkan styrke.

Tysdag er det venta sterke vindkast i Nordfjord, og det kan kome opp i orkan styrke ved Stad. Ill.foto frå då orkanen Dagmar herja.   Foto: Tormod Flatebø (arkiv)

TATT AV VINDEN: Fleire bossdunkar rundt om i kommunen er tatt av vinden. Det er anbefalt å sikre lause gjenstandar og unngå ferdsel på utsette stadar.  Foto: Anna Wuttudal

Nyhende

Det er sendt ut gult varsel for kraftige vindkast tysdag ettermiddag og kveld. Det er venta lokale vindkast på rundt 30 til 35 meter i sekundet frå sør. Rundt Stad kan desse vindkasta kome opp i 40 meter i sekundet. Ifølgje Yr skal vinden auke på frå rundt klokka 14 tysdag ettermiddag. I tillegg er det melde mykje nedbør. På Vestlandet kan det kome opp mot 50 til 80 millimeter på 24 timar. Det meste er venta tysdag kveld, ifølgje meteorologane på Twitter.

Det vert anbefalt å sikre lause gjenstandar og unngå ferdsel på stadar som er utsette.

Ifølgje meteorologane vert det også høge bølgjer inn mot kysten av Norge dei komande dagane, spesielt frå Stad og nordover. Det skal toppe seg onsdag kveld.

Det er også sendt ut gult varsel for jordskred for Vestlandet og delar av Innlandet. Frå tysdag kveld er det venta opp mot 100 mm nedbør, og under 1000 meter over havet vil dette kome ned som regn. Det er områda langs fjordane, spesielt i Nordfjord, som ser ut til å vere mest utsette. Mykje nedbør og sterke vindkraft fører til stor snøsmelting, og skråningar, bekkar og elveløp med stor vassføring skal vere ekstra utsette. Det er også fare for sørpeskred og flaumskred, ifølgje Yr. Sistnemnde har lang rekkevidd, og kan gå heilt ned i dalbotnen trass i at det losna høgt oppe i terrenget.

Ulukke på Måløybrua

Rundt klokk 14 tysdag melde Vest politidistrikt at eit vogntog som frakta blomar har velta på Måløybrua, og brua er no stengt. Ingen skal vere skadd, og naudetatar er på staden. Ifølgje politiet er det sterke vindkast på Måløybrua. Grunna sterk vind melde politiet at det ikkje er forsvarleg med bergingsarbeid av vogntoget per no.

Rett etter klokka 15:00 melde politiet at vogntoget er flytta litt, slik at det er mogleg for naudetatar å passere. Brua er framleis stengt.

Stengde vegar (oppdatert klokka 14:55)

Grunna uvêret som er venta frå tysdag ettermiddag er det fare for at vegar kan bli stengde, og at ferjer kan bli innstilte. Sambandet Måløy – Oldeide er innstilt inntil vidare grunna sterk vind melde Fjord1. Enn så lenge skal dette sambandet vere det einaste som er innstilt i området.

  • Ifølgje Statens vegvesen er Strynefjellet ope. Det er melde om vekslande snø og isdekke, tynn og is fare for glatte parti. Rett før klokka 14 tysdag var det nordvestleg liten kuling og nedbør i form av sludd.
  • Det er kolonnekøyring på Vikafjellet grunna uvêr. Det kan bli stengt på kort varsel.
  • Filefjell skal vere ope. Det skal vere stort sett bart og vått, noko snø og isdekke.
  • Hemsedalsfjellet er ope og det vert melde om bart og vått.
  • Strekninga Hol – Aurland skal vere ope, med snø og isdekke og fare for glatte parti.
  • Tyin – Årdal er ope. Her er også snø og isdekke.