Har signert treårskontrakt

Ifølgje brann.no har Eidaren Azar Karadas signert ei treårskontrakt og vert no trenar i Brann-akademiet.

KLART: Måndag vart det klart at Azar Karadas vert trenar for Brann-akademiet.   Foto: Brann.no

Nyhende

Det vart tidlegare i haust klart at Azar Karadas ikkje fekk fornya kontrakten si med Brann etter nyttår. Det har lenge vore usikker kva Karadas vil gjere etter dette og det har tidlegare blitt melde om at han har fått tilbod frå fleire klubbar. Måndag vart det klart at han vert trenar for Brann-akademiet og har signert ei kontrakt som går over tre år.

Trass i at Karadas no har valt å gå inn i trenaryrket, er det ikkje sikkert at Karadas har lagt opp som spelar enno.

– Eg trur ikkje vi skal snakka for mykje om dette no, men det er ikkje sikkert de har sett meg for siste gong med fotballdrakt på ei fotballbane, seier Karadas til brann.no.