Julepynt frå gjenbruk og naturen

Åse Huse i Heggjabygda nyttar skogen og gjenbruk for å lage julepynt. I desember inviterer ho til juleverkstad heime på garden.

BRUKAR DET GAMLE: Den gamle skuvsenga passa godt inn i det nye rommet. På veggen eit bilde der Åse har nytta ein eldre hekla duk som sjablong ved måling. 

Nyhende

Vi er i desember og butikkane kappast om å få selt det siste nye innan julepynt. Kundane bit på og nytt julepynt kjem inn medan det gamle støvar ned på loftet. Ein karusell som Åse Huse i Heggjabygda gjerne vil vere ei motvekt mot.