Snart er det julemarknad på Stårheim

Laga kortreist julepynt

Måndag hadde Stårheim skule juleverkstad og elevane laga både ting til seg sjølve og til julemarknaden som skal vere ved ungdomshuset Fram komande søndag.

LAGA DEKORASJONAR: Bak frå venstre: Trygve Magnus Tverberg, Lias Omland, Daniel Johan Nome og Magnus Ytre-Hauge Ivesdal. I sofaen frå venstre: Beate Starheim, Nikolai Starheimsvik, Thea Elise Vereide Botn, Emma Kristin Myrold, Theodor Kvalheim Osnes, Joakim Løvlid Strand og Torgrim Stegane. Framme frå venstre: Amalie Lien Botn, Sara Josefine Seljeseth og Ida Emilie Vonheim. 

DETTE BLIR MOSENISSE: Ida Emilie Vonheim og Amalie Lien Botn formar dekorasjon laga av mose og granbar. 

Nyhende

Elevane i 6. og 7. klasse laga flotte dekorasjonar og kransar som skal seljast på julemarknaden. Det aller meste av materialane som dei brukte er frå nærområdet. Dei har vore ute i naturen og plukka inn, kjøpt litt i nabolaget og fått litt hjelp av foreldre.

Hengebjørk som basis

Hengebjørk frå Orheimshaugen eignar seg godt som base både for kransar og hjartedekorasjonar. Ved hjelp av litt netting og mose trylla dei fram flotte nissar med lua på snei.

Elevane har også laga fløytekaramellar som dei har klipt opp og laga klare for sal.

– Vil lage julestemning

– Vi vil prøve å lage til litt julestemning her på Stårheim. Det er første gongen vi arrangerer ein slik marknad, seier Mariann Vereide Botn frå Stårheim Bygdelag. Ho fortel om stor interesse for å delta med stand. Det blir 18 bodar, og det er både lokale og tilreisande som har meldt seg på. Hit kjem mellom anna Mikkelsgard med juletre og julenek, Blomsten og Bia Såpekokeri og Vaffleriet. Her blir lavvo med barneaktivitetar, og det blir sjølvsagt mogeleg å få kjøpt seg lokalprodusert frukt til jul.

Eventyrstallen kjem med ponniar som barna kan ri på, barnekoret kjem for å synge, og det vert sjølvsagt mogeleg å ta seg ein kaffi og ikkje minst ein tallerken med julegraut. I Nisselavvoen kan ein ta bilete med julenissen og levere ønskeliste.

Inntekter frå bodleige og matserveringa går til Fram.