Fleire åtvaring for brot på køyre- og kviletid

Under ein kontroll Statens vegvesen hadde i Stryn og på Nordfjordeid torsdag 12. desember vart alle køyretøya, totalt 28, kontrollert  for dekk og kjetting, utan at det vart funne feil eller manglar.

Illustrasjonsfoto.  

Nyhende

Men trass i at dekk og kjetting var i orden, så fekk fire køyretøy/førarar skriftlege manglar. to bilførarar fekk åtvaring for mindre brot på køyre og kviletida. Ein sjåfør vart meld for ikkje å ha gjennomført yrkessjåfør kompetansekurs. Ein sjåfør fekk gebyr for ikkje å ha med vognkort under køyring. Ein sjåfør måtte til verkstad for å kontrollere/ kalibrere fartskrivaren før han fekk køyre vidare, melder Statens vegvesen.

Under ein kontroll på Kjøs måndag 9. desember, der det vart kontrollert 44 av 117 køyretøy, fekk åtte bilførarar fekk åtvaring for mindre brot på køyre og kviletida. Tre sjåførar måtte sikre lasta betre før dei fekk køyre vidare. Tre måtte fjerne gjenstandar i siktsone før dei fekk forlate kontrollplassen.

Alle køyretøya vart kontrollert  for dekk og kjetting, heller ikkje under denne kontrollen vart det funne feil eller manglar for dekk og kjetting.