Fleire tar pappaperm

Sogn og Fjordane er fylket som tek mest pappaperm.

Pappaperm: Sogn og Fjordane toppar pappaperm statistikken.   Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

Nyhende

Delen som tar ut fedrekvote har auka frå 60 til 71 prosent dei siste ti åra. Det har vore ein auke i alle fylke.

Delen som tok ut heile fedrekvoten, har auka med 11 prosentpoeng frå 2008 til 2018, viser tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB).

Størst auke

Aller størst auke har det vore i Hordaland, Telemark og Aust-Agder, på 13 prosentpoeng. Auken har vore svakast i Hedmark og Finnmark, sjølv om desse fylka har hatt ein viktig auke på 7 prosentpoeng.

Berre mellom 2017 og 2018 var det auke i delen fedrar som tok ut fedrekvote i 14 av 18 fylke.

Størst også for ti år sidan

Den største delen hadde Sogn og Fjordane, der 76 prosent tok ut fedrekvoten i fjor. Like bak ligg Trøndelag og Akershus med ein del på 74 prosent.

Sogn og Fjordane og Akershus hadde òg størst del for ti år sidan.