Volda sjukehus opnar i helgane

(NPK): For å betre kapasiteten ved sjukehuset i Ålesund, vert det opna for akuttkirurgi ved Volda sjukehus i helgane frå 16. desember.

Helgeope: Akuttkirurgien ved Volda sjukehus vert opna i helgane frå 16. desember.  Foto: Tormod Flatebø

Nyhende

I dag har kirurgane i Volda ei vaktordning for inneliggjande pasientar i helgene. I fjor vart ordninga vurdert av fagfolk frå sjukehusa i Volda og Ålesund. Det har ført til at ein no har opna for at legane i denne vaktordninga kan behandle akuttkirurgiske pasientar på helg, for betre å utnytte ressursane, skriv Helse Møre og Romsdal i ei pressemelding.

– Kapasiteten ved operasjon og sengepost i Ålesund er belasta, og målet er at opninga på helg skal føre til betre ressursbruk og betre pasientbehandling ved begge sjukehusa, seier konstituert klinikksjef Ingrid Vasdal. Akuttkirurgien opnar frå 16. desember, og helseføretaket skal evaluere driftsendringa før 2022.