Kan juble for frisørlinje

Etter fleire år med jobbing er det no klart at det vert starta opp ei frisørlinje på Eid vidareågande skule.

Eid vidaregåande skule: Til hausten vert det frisørklasse og endå ei elektroklasse på Eid vidaregåande skule. På studiespesialiserande vert det lyst ut to klasser på VG1. Det vart klart etter eit møte i hovudutvalet for opplæring og kompetanse i Vestland måndag.   Foto: Arkiv

Nyhende

Måndag hadde hovudutvalet for opplæring og kompetanse i Vestland fylkeskommune møte i Bergen. Då vart det klart at Eid vidaregåande skule får frisørlinje som vert starta opp neste haust. Dette har ein arbeidd lenge for, og i skuleåret 2020/2021 vert det ein realitet.