Kommunalt næringsfond i Selje

Desse får tilskot i Selje

Selje formannskap har vedtatt å dele ut 214.600 kroner frå kommunalt næringsfond.

Blåmyra i Selje: Tre lokale kvinner har starta designbyrået Blåmyra. No får dei meir tilskot frå det kommunale næringsfondet. F.v. Maria Vangen, Sunniva Djupedal og Therese Lien Smenes. arkivfoto: INgebjørg Nilsen Stokkenes 

Nyhende

Øyvind Bakkebø får 20.000 kroner til utvikling av nytt produkt for renovasjon av søppeldunkar. Ideen er basert på at det ikkje finst tilbod om reinhald av søppeldunkar i området i dag. Undersøkingar syner at det kan vere grunnlag for ein heiltids arbeidsplass innan dette. Dette blir som eit pilotprosjekt med vidare ekspansjon som mål. Bakkebø søkte om 100.000 kroner.