Nordfjordrådet vil delta på karrieremesser

Illustrasjonsfoto 

Nyhende






Sjølv om Sogn og Fjordane fylke er historie ved nyttår, vil det bli gjennomført karrieremesser også i 2020 i regi av Framtidsfylket.

Dato for karrieremessene er 27. januar i Trondheim – Gløshaugen NTNU, 4. februar i Bergen – Grieghallen og i september i Oslo – med Fjord1 og heilelektrisk båt. Nordfjordrådet vedtok i møte måndag å støtte søknaden frå Framtidsfylket med 60.000 kroner som omsøkt.

Sogn og Fjordane blir ein region i Vestland, og vurderinga er at no i overgangsfasen er det meir enn nokon gong viktig å synleggjere karrieremoglegheitene i denne regionen.

Nordfjordrådet løyver også midlar til å delta med stand på karrieremessene i 2020. På møtet vart det sagt at det er trong for to standplassar, som kostar 15.000 kroner kvar. Ein må også gå over informasjonsmateriell, for å sjå på kva som eventuelt må oppdaterast.




Problematisk å rekruttere til Nordfjord

Treng fleire jordmødrer