Felles formannskapsmøte

Gloppen-ordførar Leidulf Gloppestad har ein kjepphest som heiter "felles strategisk næringsplan for Nordfjord". 

Nyhende

 

Dei vert felles formannskapsmøte for kommunane i Nordfjordrådet over nyttår, truleg på Stad Hotell 16. januar, der tema er vegen vidare. Gloppen-ordførar Leidulf Gloppestad ivra i møte i Nordfjordrådet nyleg for at ein må starte opp arbeidet med ein felles strategisk næringsplan for Nordfjord.

Leiaren i Nordfjordrådet, Stad-ordførar Alfred Bjørlo oppmoda om at alle kommunane bør orientere om status for Nordfjordrådet i dei nye kommunestyra før jul. Bjørlo skal lage eit kort diskusjonsnotat, med bakgrunn i Nordfjordrådet sin strategiplan.

Samarbeid med Sunnfjord

Det skal vere eit møte som ser på administrativt samarbeid mot Sunnfjord kommune 31. januar. Dette er det rådmennene som har teke initiativ til. Her blir det fokus på administrative oppgåver ein kan samarbeide om.

Samarbeidsforum i Sunnfjord (SiS) og Hardangerrådet iks har invitert til eit dialogseminar i 2020. Nordfjordrådet takkar ja til å delta på eit slikt seminar.