Tok over leiinga

Stad-ordførar Alfred Bjørlo (V) tok i dag over leiinga av Nordfjordrådet. Stryn-ordførar Per Kjøllesdal (Sp) vart vald som nestleiar

Avtroppande Vågsøy-ordførar Kristin Maurstad (Ap) leverte frå seg klubba til ordførar Alfred Bjørlo (V), og fekk blomster som takk for innsatsen som leiar av Nordfjordrådet. 

Nyhende

Dei som møtte i Nordfjordrådet i dag var ei god blanding av nye og avtroppande ordførar, og det som synest klart er at kommunane Stryn, Gloppen og Stad utgjer ein kjerne i Nordfjordrådet som ønskjer å halde saman og utvikle næringsliv og felles bu- og arbeidsområde. Dei vil gjerne også ha med Kinn vidare.