Størst behov for hallkontroll for store køyretøy i Nordfjord

Vegvesenet vil likevel flytte tilbodet til Førde

Stad-ordførar Alfred Bjørlo (V) reagerer sterkt på tilrådinga om nedlegging av kontrollhalltilbodet ved Trafikkstasjonen på Nordfjordeid. I brev til samferdsleministeren peikar han på at det ser ut til at tilrådinga er gjort på sviktande grunnlag og ut frå feilaktige tal for faktisk bruk av halltilboda i dagens struktur i Sogn og Fjordane. No ber han om møte med politisk leiing.

BER OM MØTE: Stad-ordførar Alfred Bjørlo (V) meiner at tilrådinga er gjort på sviktande grunnlag og har sendt brev til samferdselsminister Jon Georg Dale der han ber om snarleg møte med politisk leiing i departementet om framlegget frå Statens vegvesen om nedlegging mellom anna av hallkontroll på Nordfjordeid Trafikkstasjon.   Foto: Anna Wuttudal

Ordføraren etterlyser også miljø- og trafikktryggleikseffektane

Nyhende

I framlegget foreslår Vegdirektoratet å legge ned tilbodet om hallkontroll ved Trafikkstasjonen på Nordfjordeid, slik at næraste stader for hallkontroll blir Ålesund eller Førde.