Malakoff 20

To nye band er klar

Tysdag vart det klart at The Hives og Nothing But Thieves speler på Malakoff 2020.

Klar: Tysdag vart det klart at The Hives og Nothing But Thieves speler på Malakoff til sommaren.   Foto: Goran Broberg

Britisk rock: Når Nothing But Thieves står på scena under sommarens festival vert det britisk rock.   Foto: Presse

Nyhende

Det svenske punkrock bandet The Hives speler for fulle hus verda rundt, og til sommaren er dei blant headlinerane under Malakoff. I tillegg til Malakoff, headlinar bandet Bukta i Tromsø.

– Vi anser The Hives til å vere den perfekte festivalbookinga. Dei er ein garantist for ekstatiske konsertar og er truleg verdas beste punkrockband, seier festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal i ei pressemelding.

The Hives headlina også Malakoff i 2013 saman med Biffy Clyro og Kaizers Orchestra. Bandet har hits som Hate To Told You So, som har 83 millionar streams på Spotify, Walk Idiot Walk, med 20. millionar streams og Tick Tick Boom, med 39. millionar streams.

Britisk rock

I tillegg til dei svenske punkrockarane kjem også dei britiske rockarane Nothing But Thieves. Bandet har også reist verda rundt, og spelt supportkonsertar for band som Muse og Biffy Clyro og toppa hitlister rundt om i verda. Nothing But Thieves har hits som Sorry, med over 45. Millionar streams på Spotify, Amsterdam, med 41. Millionar streams og Trip Switch, med over 41. millionar streams.

Dette vert første gong det britiske rockebandet speler i Norge.

– Nothing But Thieves er eit band vi har prøvd å få til festivalen fleire gongar, og er særs nøgde med at dei tek turen til vesle Nordfjordeid til sommaren. Dei har ein imponerande katalog med gromme låtar framført med råtøff rytmeseksjon og ein fantastisk vokal, seier festivalsjefen i pressemeldinga.

Artistar klar

I tillegg til The Hives og Nothing But Thieves, er det også klart at Dagny og Drittmaskin tar turen til Malakoff i 2020.