Ein diktsti gjennom Eidsgata

Vil du lese dikt på ein tur gjennom Eidsgata? Høvet vil by seg om ei veke under Kulturnatt i Eid.

Til Kulturnatt i Eid, som er fredag 8. november, vil det bli ein poesisti gjennom Eidsgata. Mai Elise Hammer frå Poetry Night seier det er mange flinke diktskrivarar i Eid, og no vil ho at fleire skal oppdage dikta dei har skrive. foto: inger træen 

Nyhende

Kven har sagt at dikt berre skal vere mellom to permar i bokhylla? At poesien ikkje skal ut til der folket er?

Mai Elise Hammer har i alle fall tenkt at dikta må ut av bokhylla, fram frå skrivebordskuffa og opp i lyset. Ho tok for eitt år sidan iniativet til poesikveldar på Nordfjordeid, som har fått namnet Poetry Night. Gjennom eitt år har litteraturglade menneske møttes ein fredag i månaden. Der det har vore høve til å lese opp eigne eller andre sine dikt, eller berre få med seg ein dose av poesi og ettertanke.

Poesisti

No vil Mai Elise Hammer ta formidlinga endå eit steg vidare. Saman med Poetry Night vil ho skape ein poesisti gjennom Eidsgata. Dette vil skje om ei veke under kulturnatta. Der ein ruseltur gjennom gata også kan gje både påfyll og ettertanke.

–Vi har fått inn opp under tjue dikt som vi skal henge opp på innsida av ulike butikkvindauge. Slik at folk kan lese desse dikta frå utsida. Alle dikta vil få lik design og same blå bakgrunn. På den måten blir det lett å følgje denne diktstien gjennom gata, seier Hammer som også fortel at poesikveldane på Nordfjordeid vil feire eitt år på kulturnatta 8. november. Då blir det Poetry Night i Bankjellaren.

–Det er kjekt å oppdage alle som likar å skrive dikt her i Eid. Fleire av dei har allereie gjeve ut si eiga diktbok. Andre skriv for skrivebordskuffa, medan andre igjen deler desse dikta under poesikveldane. Det er mange kreative folk som skriv flotte dikt, seier ho som flytta til Eid for litt over to år sidan. Sjølv har ho alltid vore glad i litteratur, og bestemte seg tidleg for å bli forfattar. Hammer har tidlegare publisert dikt i ulike tidsskrift, og i ei bok saman med andre. No held ho på å avslutte arbeidet med si første sjølvstendige diktbok, som kjem ut om ikkje alt for lenge. Til dagleg jobbar Hammer ved Eid bibliotek og Ark på Nordfjordeid.