Nordfjordeid ligg godt til rette for landstraum

SFE kan levere 10MW for 1,5 mill.

SFE opplyser at det er nok kapasitet i nettet til å forsyne cruiseskip på Nordfjordeid med landstraum. For kring 1,5 millionar kroner kan dei levere 10 MW på kaia.

UTVIKLINGA GÅR FORT: I cruiseindustrien går utviklinga mot meir bruk av landstraum fort, og det er ofte dei store/største/nyaste skipa som er best førebudde for landstraum. Her frå første skip i mai, AidaPerla, som har vitja Nordfjordeid fleire gonger denne sesongen. 

Nyhende

Eid kommune har bede SFE Nett AS avklare mogelegheitene for landstraumanlegg for cruiseskip ved det nye «Seawalk»-anlegget på Nordfjordeid. På bakgrunn av dette har selskapet gjort innleiande analysar for å vurdere kapasitet i eksisterande nett lokalt og regionalt, og vurdert mogelege nettkonsept for eit større uttak.