Nominert til «VM i vekstskaping»

Nils-Per Sjåstad og Kurt Sjåstad frå Stadpipe er nominert til «VM i vekstskaping».

Fjorårets norske vinnar av prisen vart Per Grieg jr. under den nasjonale finalen i Oslo. I år er Nils-Per Sjåstad og Kurt Sjåstad frå Stadpipe blant dei nominerte og som kan stikke av med prisen.   Foto: BÅRD GUDIM

Nyhende

EY er eit internasjonalt selskap innan revisjon og rådgiving, og årleg kårar selskapet den bedriftsleiaren som har vore best til å utvikle eit selskap. I år vert prisen EY Entrepreneur Of The Year arrangert i Norge for 18. gong, medan det er 33. gong at den vert arrangert internasjonalt. Ifølgje ei pressemelding kan prisen reknast som eit verdsmeisterskap for vekstskaparar.