Stad Landskap:

Kritisk til ordførar si handtering Okla-saka

– Stad Landskap ber om at kommunen no er tydelege og grundige i sitt arbeide, og gjer alt ein kan for å sikre god handsaming av Okla-saka hjå Norges Vassdrags- og energidirektorat (NVE) og Olje- og energidepartementet (OED), Det seier Thomas Honningsvåg, nestleiar i Stad Landskap.

Alt skal på bordet: Ein omfattande e-postdialog har gått føre seg mellom Thomas Honningsvåg (nummer to frå venstre), nestleiar i Stad Landskap, og Selje-ordførar Stein Robert Osdal. Honningsvåg meiner at Osdal held tilbake viktig informasjon som er heilt avgjerande for at NVE/OED skal få eit fullstendig innblikk når dei skal vurdere Okla-konsesjonen på nytt. – Det er det kommunestyret har bedt om i sitt vedtak, seier han.   Foto: Tormod Flatebø

Nyhende

–Bakgrunnen for uttalen er at Stad Landskap, som ein del av Innbyggarinitiativet, meiner at alle dokument som har vore relevante i Okla-saka blir sendt til NVE og OED, fordi dette er den einaste måten ein kan følgje opp intensjonen i vedtaket kommunestyret i Selje gjorde den 9. oktober i år, seier Thomas Honningsvåg.

Etablert tidleg

Stad Landskap vart etablert i 2000, og registrert i Brønnøysund registera i 2009. Hovudformålet med selskapet var i utgangspunktet å få innsyn i prosessar som endrar landskapsbiletet, flora og fauna, på Stadlandet. Bakgrunnen var også at større prosjekt berre vart starta, som til dømes planar om vindmøller på Hoddevikfjellet.

Var høyringspart

Allereie i 2004 vart det sendt førehandsmelding om vindmøller på Okla. Den gong var det BKK Raadgiving som utarbeidde rapportane. I 2008 var det ein høyringsrunde, som enda opp med at Vestavind Kraft AS i 2013 fekk konsesjon på å bygge vindmøller. Konsesjonen vart klaga på, men klagen vart ikkje teke til følgje i 2015. I 2016 fekk utbyggar på plass avtalar med grunneigarane, med trugsmål om ekspropriasjon om ein ikkje fekk inngått avtalar.

–Stad Landskap var i åra før 2013 høyringspart. Kvifor Stad Landskap ikkje var høyringspart etter 2013 har vi stilt spørsmål til Selje kommune. På dette spørsmålet har Selje kommune vore tilbakehaldne med å svare oss.

Store endringar

I 2017 vart det gjort store endringar. Då gjekk utbyggar frå ni til seks turbinar. Sjølv om ein gjekk frå ni til seks turbinar auka det totale området vingane dekker heile 70 prosent, og/eller storleiken på anlegget med 45 prosent.

–Installasjonane skulle bli 150 meter høgde, mot 100 som dei var i utgangspunktet, og frå 70 til 112 meter i diameter. Politikarane i Selje kommune vart fortalt at anlegget kom til å bli mindre, noko som slett ikkje var tilfelle. Anlegget vart også meir synleg, og fekk langt større negativ innverknad både på landskap, fugleliv. Vindmøller av denne storleiken fører til større faremoment for allmenn ferdsel. Dette fekk ikkje politikarane i kommunen med seg.

Følgje vilkåra

–I utgangspunktet skal miljø-, transport- og anleggsplanen (MTA-planen) følgje vilkåra som er gitt i konsesjonen. Etter vårt syn var endringane i MTA-planen i 2017 så store at konsesjonen burde vorte vurdert som ny søknad. Derfor meiner vi at godkjenninga av MTA 2017 skal vore gjort ugyldig. Eg kan legge til at både fylkesmann og riksantikvar omtala dei rapportane og konsekvensutgreiingane som utbyggar presenterte som kraftig villeiande i forhold til påverknad av naturmangfald og fugleliv med meir. Merknadane frå dei nemnde partane vart ikkje teke til vitande.

Fullstendig gjennomgang

–Lokalt vart det sagt at formannskapet hadde nok kunnskap til å seie at dei rapportane og utgreiingane som vart presentert var gode nok. Vi meiner at formannskapet vart ført bak lyset av dei som hadde laga rapportane for konsesjonær, seier Thomas Honningsvåg som no meiner at det einaste som kan redde situasjonen er ein total gjennomgang av dei rapportane og utgreiingane som er laga, pluss uttalen Norsk Ornitologisk foreining nyleg har kome med om dei store vindmøllene sin påverknad av fuglelivet. Det er heilt sentralt at ein ser på konsesjonen samla sett på nytt i lys va det som har skjedd , og slik kommunestyret i Selje vedtok på sitt møte den 9. oktober i år.

Sakshandsamingsfeil

Thomas Honningsvåg er også oppteken av sakshandsamingsfeil som er blitt gjort i Okla-saka.

–3. oktober 2018 då Formannskapet i Selje kommune drøfta nasjonal ramme til vindkraft, vart det vedtatt Selje Kommunes stilling til Nasjonal ramme for vindkraft -at anlegget på Okla måtte utvidast for å forsvare dei store naturinngrepa. Altså at ulempene var større enn fordelane ved den planlagde utbygginga. Det ein ikkje sa noko om var at det ikkje er rom for å utvide anlegget på Okla. Det står meir fram som ein utopi som ordførar hadde på eiga hand. At ikkje saka var til handsaming i kommunestyret, er eit direkte angrep på lokaldemokratiet, seier han.

Held tilbake info

Stad Landskap er svært kritiske til ordførar Stein Robert Osdal har handtert Okla-saka på. Det gjeld både før og etter kommunestyremøtet den 9. oktober i år. Kritikken går på at ordførar står som sakshandsamar i saka, og synest å mangle vilje til å til å sende over alle relevante dokument til NVE/OED i Okla saka.

Sakshandsamar

At ordførar er sakshandsamar er høgst uvanleg. Vanleg i dei fleste kommunar er at det blir innkalla til møter i formannskap med saksliste. Ønskjer politikarane å lukke eit møte, så gjer ein det ut frå det lovverket ein kan nytte for å gjere nettopp det.

–Stad Landskap har prøvd å stille saklege spørsmål i denne saka, og bedt om at alle relevant dokument i Okla-saka blir sendt over til dei som no skal gå gjennom konsesjonen på nytt. Vi har dobbeltsjekka med NVE om dei har fått alle dokument. Per dags dato blir det opplyst at det har dei ikkje. Vi oppfattar det slik at kommunestyret i sitt vedtak bad nettopp om at alle dokument i saka vart sendt til NVE slik at ein kunne få fullstendig oversyn i saka, seier Thomas Honningsvåg i Stad Landskap.


Stad Landskap sterkt kritiske til ordføraren si rolle i Okla-saka

Osdal avviser kritikken