Lastebil av vegen

Ein lastebil køyrde av vegen onsdag morgon. Sjåføren vart frakta til Førde Sentralsjukehus.

Naudetatane rykte onsdag morgon ut til ei ulukke.   Foto: Arkiv

Nyhende

Onsdag morgon klokka 10:06 vart det melde om ei trafikkulykke ved Rv. 15 i Hornindal på kommunal sideveg. Det var ein lastebil som hadde køyrt av vegen, og naudetatane rykte ut til staden.

I lastebilen var det ein person, og ifølgje politiet var dette ein mann i 40-åra. Sjåføren var ikkje fastklemt etter ulukka. Sjåføren er frakta til Førde Sentralsjukehus med luftambulanse med ukjent skadeomgang, men ifølgje politiet var sjåføren bevisst og oppgåande.

Det var ikkje farleg gods i bilen, men vegen var stengt fram til lastebilen var berga.

Politiet har oppretta sak etter ulukka.