Bård Inge Fløde

–Selje kommune har blitt gjort merksam på feil og manglar

–Ein skal aldri beklage at ein er blitt klokare, fått meir kunnskap! Som politikarar kan de vere stolte av å ta ei avgjerd basert på langt betre kunnskapsgrunnlag.

–I innbyggjarinitiativet vårt ber vi dykk drøfte Oklasaka med sikte på å ta eit initiativ for å stogge utbygginga. Vi har formulert eit framlegg til vedtak slik: « Selje kommune ynskjer ikkje vindkraftindustri på Stad, og vil at det planlagde vindkraftverket på Okla blir stogga», sa Bård Inge Fløde då han snakka til kommunestyret i Selje.  Foto: Tormod Flatebø

Nyhende

­­Det sa Bård Inge Fløde, frå «Innbyggjarinitiativet» då han fekk ti minutt til å orientere kommunestyret i Selje om innbyggarinitiativet sitt syn på utbyggingsplanane av vindkraftanlegget på Okla. 


 

«Eg står her i dag som representant for eit innbyggjarinitiativ gjennom regjeringa sin portal «minsak.no» . Knapt tre gongar så mange som naudsynt, skreiv under på saka før vi sende den til Selje kommune. Venteleg ville langt fleire ha skrive under på dette om det hadde lege lenger ute, men vi fann det rettast å levere det før det ekstraordinære FS-møtet 13. august. Då hadde det berre lege ute vel ei veke.

Støtta aksjonen

Vi har gjennom dei siste månadane hatt god kontakt med representantar for grunneigarane. Rett etter at vi hadde etablert fb-sida «Nei til vindmøller på Stad», troppa den eine etter den andre av grunneigarane opp i tunet mitt for å understreke at dei støtta aksjonen, og fortelje at om lag alle grunneigarar arbeidde for å stogge utbygginga!. Mange fekk seg nok ein vekkar på folkemøtet på Ytre først i august – og gjennom pressedekninga av grunneigarrepresentanten sitt innlegg der: Av 49 grunneigarar, er det i høgda tre som er likeglade til eller støttar ei utbygging. Inntil då hadde det – med god hjelp frå Selje kommune og utbyggjar, vore gjeve publikum/innbyggjarar eit uttrykk for at alle grunneigarane var for denne utbygginga.

Når vi les klagene frå grunneigarane, ser vi tydeleg at det viktigaste for dei, er det same som for oss i innbyggjarinitiativet: sette naturen først, og finne element som kan stogge utbygginga!

Grunneigarane

Grunneigarane har nyleg stogga eit forsøk frå utbyggjar då dei var i ferd med å stikke ut vegen inn i anleggsområdet – før innsende klager er handsama, og før m.a. siste detaljplan er signert og godkjend. Pr dato er det ei rekkje privatrettlege element knytt til konsesjonær sine avtalar med grunneigarane, som ikkje er på plass. Nyleg kontakt med NVE stadfestar dette. Til utbyggjar sitt overgrep nyleg, kommenterer NVE at politianmeldelse er vegen å gå når nokon ulovleg tek seg til rette på annan manns eigedom!

Nært frohold til naturen

Eg er oppvaksen på Stad, og har med nokre får års unntak, budd her heile livet. Eg har eit svært nært forhold til landskapet og naturen her på Stad. Eg har gjennom eit langt liv lært å sette pris på denne vesle halvøya med hav på nesten alle kantar – har vore i mange andre flotte landskap, men aldri sett noko som kan samanlikne seg med dette.

Eg har i mange år jobb med kultur og reiseliv i stillingar i Selje kommune –har i dette vore i fleire utviklingsprosjekt som har teke utgangspunkt i heilskapen med Stadt og klosterøya innunder dette mektige landskapet. Fleire med kunnskap om temaet, har vent seg til meg om å få denne heilskapen –med dette store kulturminnet ved denne spesielle halvøya –inn på Unesco si verdsarvliste. Dette gjev berre meining viss Stadlandskapet får ligge urørt!

Reiselivsstrategi

Vi registrer at fellesnmenda for nye Stad kommune no har utarbeidd ny reiselivsstrategi for den nye kommunen– og at leiar i Stad Vekst, Olav Hjelle, uttrykkjer dette: (sitat) Natur i verdsklasse: – Vi har ein destinasjon med ein natur i verdsklasse. Kombinasjonen med kystlandskap og fjordlandskap med sine særeigne kvalitetar er unik. Her ligg det eit stort potensial i å utvikle eit heilårs reiselivsprodukt. Og vi har ei god historie som kan gjere produktet endå meir attraktivt. (sitat slutt)

JA: Vi har eit verdfullt landskap som gjennom ei vettug og berekraftig omsetting i m.a. ellom anna reiselivssamanheng, kan tilføre næringar i Stad kommune store framtidige inntekter, mellom annar – men ikkje MENmed eit vindindustrianlegg midt på denne vesle halvøya. Sjølv om det først og fremst er ved å spolere det heilskapelege kystlandskapet at vindkraftutbygging ikkje er ønskjeleg, så er det også mange faktorar som seier det same. Det som særpregar fjellandskapet på Stad, er dei enno tydelege deler av urgammalt sletteland. Terrengdekkande myr med førekomstar av svært sjeldne plantar og plantesamfunn ligg her utover dei ytste utkantane av det europeiske fastlandet. Granskingar av grunnen tyder på at her er nunatakområde, det vil seie som har stått opp av isen gjennom siste istid. Såleis er det ikkje utskura som resten av landet, og både berggrunn, jordsmonn og planteliv av største interesse når det gjeld artsmangfaldet.

Særprega

Dette var nokre refleksjonar kring dette særprega landskapet. At naturen og fugle-/dyreliv på Stadhalvøya også er spesielt og sårbart, har vore påpeika heilt frå saka med det planlagde vindkraftområdet på Hoddevikfjellet for 20 år sidan. I søknadsprosessen kring Okla, ga Fylkesmannen i Sogn og Fjordane ei grundig gjennomarbeidd motsegn der det blir påpeika mange hårreisande feil og manglar i kunnskapsgrunnlaget –– utan at dette vart teke omsyn til. No har også Norsk Ornitologisk Foreining kommentert dei konsulentrapportane som vart laga etter bestilling frå utbyggjar. Deira kommentarar samsvarar godt med fylkesmannen sitt varskorop for nokre år sidan!

Høgste prioritet for kystnatur

Nyare kart med oversyn over verdsette område, syner at Okla ligg innanfor det som har fått høgste prioritet for kystnatur av høg nasjonal verdi. Vindkraftverket er planlagt inne på dette området, og det er vesentleg for heilskapen at det ikkje vert gjort inngrep. Framlegg til nasjonal plan for område eigna for vindkraftutbygging syner at heile Stadhalvøya ligg utanfor desse. Dette burde åleine vere grunn nok til at denne konsesjonssøknaden vert omgjord! At den skal setjast i verk berre fordi den er frå tidlegare tider, blir heilt absurd. Okla vindindustri vil i fall det blir realisert, bli eit uoppretteleg feilgrep.

Feil og manglar i kunnskapsgrunnlag og prosessar

Både gjennom innbyggjarinitiativet vi leverte, og gjennom mange skriv i etterkant, er Selje kommune blitt gjort merksam på feil og manglar i kunnskapsgrunnlag og prosessar i Okla-saka. Ein god del av desse påpeikingane ligg som vedlegg til saksdokumenta til denne saka i dag, og vi reknar med at dei folkevalde har lese gjennom alt dette. Rådmann skriv i saksutgreiinga at langt mindre kompliserte saker er blitt påkosta ekstern utgreiingskompetanse, og at rådmannen ikkje har kapasitet til å gå inn i alt dette. At ordførar skreiv til innbyggjarinitiativet og Stad Landskap om at han ville tilrå kommunestyret å ikkje sleppe oss til her i dag fordi saka er godt nok opplyst, kom difor for oss i eit noko merkeleg lys. Eit av våre hovudankepunkt, er at Okla-saka har vore påfallande lite omtalt og handsama. Kommunestyret har ikkje hatt med denne saka å gjere på mange år, trass i endringar og prosessar undervegs. Ordførar sa til dømes i formannskapsmøtet 13. august at den siste høyringa på endringar no i mai/juni ikkje ein gong var førelagt formannskapet!

Stopp utbygginga

I innbyggjarinitiativet vårt ber vi dykk drøfte Oklasaka med sikte på å ta eit initiativ for å stogge utbygginga. Vi har formulert eit framlegg til vedtak slik: « Selje kommune ynskjer ikkje vindkraftindustri på Stad, og vil at det planlagde vindkraftverket på Okla blir stogga».

Dette er de blitt gjort kjende med gjennom innkallinga og saksdokumenta. Vi håpar sjølvsagt at de alt her i dag kan gjere eit slikt vedtak – Selje kommune kan ikkje stogge utbygginga, men det er eit sterkt signal inn til sentrale styresmakter at eit kommunestyre gjer eit slikt vedtak –sender ei slik melding! Uansett korleis vedtaket i dag ser ut, må det komme fram at Selje kommune ikkje ynskjer vindkraftanlegget  på Okla!

Utgreiing

Rådmann skriv altså i saksutgreiinga at langt mindre kompliserte saker er blitt påkosta ekstern utgreiingshjelp: Viss kommunestyret ikkje alt i dag er klar for å gjere eit vedtak om at Selje kommune ynskjer å stogge denne utbygginga, håpar vi – særleg på vegne av den yngre og framtidige generasjonar, at kommunen sjølv kostar ein grundig gjennomgang av heile konsesjonsprosessen, eller overtalar andre instansar til å gjere det! Vi vil syne til appellen som Vigdis Amdam hadde for formannskapet 13. august der ho påpeika at då denne saka starta, var ho og hennar jamaldra, berre barn! Det er difor eit særskilt stort ansvar som kviler på kommunestyret i denne saka i dag, 9. oktober 2019!

Ein skal aldri beklage at ein er blitt klokare ––fått meir kunnskap! Som politikarar kan de vere stolte av å ta ei avgjerd basert på langt betre kunnskapsgrunnlag! Vi ynskjer kommunestyret ei god drøfting i saka, og takkar for oss!, sa Bård Inge Fløde frå innbyggjarinitiativet.