Trur skipstunnelen vart ofra i bompengebråket

Sp-politikar Sigurd Reksnes reagerer sterkt på at det ikkje ligg inne oppstartmidlar til Stad skipstunnel i Regjeringa sitt framlegg til Statsbudsjett for 2020.

Sigurd Reksnes er kommunepolitikar i Eid/Stad. Han er også leiar for Vestland Senterparti og er ein av dei som skal representere Sp i det nye fylkestinget i Vestland.  

Nyhende

Reksnes trur at Stad skipstunnel vart ofra i samband med bråket om bompengar då regjeringa gjekk inn med nokre ekstra milliardar for å redusere bompengebelastninga.