– Må stå ved det som dei har sagt

I ein kommentar til Domstolkommisjonen sitt framlegg om nedlegging av jordskifteretten i Nordfjord viser Sp-politikar Sigurd Reksnes til minister Monica Mæland (H) og Alfred Bjørlo (V) sine utspel om Statens Hus på Nordfjordeid.
Nyhende

– Skal det som dei spelte ut i valkampen ha noko som helst form for truverdigheit, så må dei stå ved det som dei har sagt, at det ikkje skal gjerast endringar. Dersom både jordskifterettane og trafikkstasjonen til Statens vegvesen på Nordfjordeid vert lagde ned, blir det mykje dårlegare grunnlag for å setje i gang med pilotprosjektet Statens Hus, poengterer Reksnes.