Jordskifteretten

Framlegg om nedlegging på Nordfjordeid

Nordfjord jordskifterett er foreslått nedlagt og samlokalisert med tingretten i Førde.
Nyhende

Domstolkommisjonen har lagt fram si innstilling om framtidig domstolstruktur.

Der er det framlegg om at jordskifterettane i Sogn og Fjordane skal slåast saman til ein domstol i Førde, samlokalisert med Sogn og Fjordane tingrett. I Førde ser ein føre seg å ha 7 dommarar, 7 ingeniørar og 6 sakshandsamarar.

Forslaget er ikkje til hinder for at jordskifteretten disponerer lokale i Sogndal og/eller Nordfjordeid ved behov.

Det er også framlegg om ein jordskifterett for Møre og Romsdal fylke, med hovudrettsstad i Ålesund. Både Kristiansund og Molde er vurdert som aktuelle alternativ for ei avdeling. For å sikre geografisk spreiing av rettsstadane er det tilrådd at ei avdeling vert lokalisert til Kristiansund, samlokalisert med Møre og Romsdal tingrett.

Domstolkommisjonen har i sitt framlegg lagt opp til å redusere talet på jordskifterettar frå 34 til 13, med 20 rettsstadar.

Når det gjeld tingrettane er det framlegg om ein reduksjon frå 60 til 22 tingrettar, og med 30 rettsstadar.

Ønskjer sterke fagmiljø

Strukturendringane som er foreslått er mellom anna grunngjeve med at ein ønskjer meir fleksible organisasjonar med sterke fagmiljø.

 Det vert peika på at sakene som kjem til domstolane vert stadig meir tidkrevjande og komplekse, noko som inneber at det vart stilt nye krav og forventningar til dommarane sine faglege kvalifikasjonar og evne til effektiv prosessleiing.

Er sårbare

Når det gjeld jordskifterettane tek ein utgangspunkt i at dei fyller ein viktig samfunnsfunksjon som særdomstolar for eigedom, men at dei er svært sårbare, både organisatorisk og som fagmiljø. Nesten halvparten av dagens jordskifterettar har berre eitt eller to dømmande årsverk, og omtrent ein tredjedel av dommarane er domstolleiarar.

Det går fram av utgreiinga at mange av jordskifterettane mottek 40 eller færre saker kvart år, og fleire har eit saks­tilfang på under 20 saker i året. I tillegg er det store variasjonar i tal saker frå år til år i kvar enkelt jordskifterett, og mellom jordskifterettane. Med relativt få saker og samtidig store variasjonar i saksmengd blir kapasitetsutnyttinga dårleg. Saksbehandlingstida er forholdsvis lang, og i 2018 var den gjennomsnittlege tida for avgjorte saker på 15 månader. I tillegg har jordskifterettene bekymringsfulle problemer med rekruttering.

Vil styrke rekrutteringa

Kommisjonen konkluderer med at dagens struktur må endrast for å styrke rekrutteringa, fordele arbeidsbelastninga jamnare samt innfri brukarane sine forventningar om ras­kare sakshandsaming. Dei meiner at ein ny struktur også bør legge til rette for moderat spesialisering og for at jordskifterettane sin uavhengighet som domstol vert synleggjort. Dei meiner at større organisasjoner vil bidra til dette. Det vert i utgreiinga vist til at innspela frå jordskifterettane underbyggjer endringsbehovet, samstundes som dei tydeleggjer behovet for å avvege ønsket om større organisasjo­nar mot behovet for å vere til stades geografisk.


Kommisjonen tilrår at ein ny jordskifte­struktur vert basert på samhandling med tingrettane, grunngjeve med at dette vil bidra til å synleggjere jordskifterettane som domstol, styrke fagmiljøa i begge domstolane og redusere administrative kostnader.

Det vert lagt til grunn at jordskifte­strukturen som eit utgangspunkt bør følgje ting­rettsstrukturen, både når det gjeld lokalisering og grensene for rettskrinsane.


Endringar til Stortinget

Linda Hafstad er kommunikasjonsrådgjevar i Justis- og beredskapsdepartementet . Hafstad opplyser til Fjordabladet at det som no skjer med domstolkommisjonen si utgreiing og tilråding om framtidig domstolstruktur er at departementet skal lese rapporten grundig før dei tek stilling til vidare oppfølging.

– Dersom regjeringa ønskjer å gjere endringar i domstolstrukturen, så skal det leggast fram for Stortinget.

Rapporten om domstolstruktur er første del av to. Andre delrapport skal mellom anna sjå på uavhengigheita, digitaliseringa og oppgåvene til domstolane.


Domstolkommisjonen vart oppnemnt av regjeringa i august 2017 for å utgreie domstolenes organisering og uavhengighet. Den første delrapporten tar for seg domstolenes struktur.


Utvalget består av følgende medlemmer:

  • Sorenskriver Yngve Svendsen, Oslo tingrett (leder)
  • Høyesterettsdommer Inger-Cecilie Østensen Berglund, Oslo
  • Lagdommer Nils Asbjørn Engstad, Tromsø
  • Jordskifterettsleder Vidar Otterstad, Førde
  • Direktør i Domstoladministrasjonen Sven Marius Urke, Trondheim
  • Førstestatsadvokat Anne Margrete Katteland, Drammen
  • Advokat Inger Marie Sunde, Stavanger
  • Professor Ragna Aarli, Bergen
  • Førsteamanuensis Jostein Rosfjord Askim, Oslo
  • Forskningssjef Erling Røed Larsen, Oslo
  • Samfunnsøkonom Steinar Juel, Sandvika
  • Professor Arne Krokan, Nittedal
  • Administrerende direktør Inger-Marie Sperre, Ålesund
  • Tidligere stortingsrepresentant Carl-Ivar Hagen, Oslo
  • Varaordfører Bjørg Tysdal Moe, Stavanger
  • Sorenskriver Kirsti Høegh Bjørneset, Sunnmøre tingrett (tiltrådte 03.10.2018)