Selje-kvinne vann ein million kroner

Midt i sitt eige 40-årslag fekk ei kvinne frå Selje telefon frå Norsk Tipping: Ho hadde vunne ein million kroner!

Supertrekning: Ei kvinne frå Selje vann på si eiga 40-årsfeiring. ill.foto: Norsk Tipping 

Nyhende

– Då vi fekk kontakt med kvinna, høyrde vi at det var god stemning i bakgrunnen. Ikkje så rart – ho feira nemleg sine 40 år, fortel Norsk Tipping. Og då dei fortalde Selje-kvinna at ho var ein av Supertrekning-vinnarane var det endå høgare jubel i bakgrunnen, før vinnaren fekk latterkrampe. Ho lo gjennom heile samtalen og påpeikte at ho ikkje kjem til å gløyme den feiringa med det første.

– Dette var litt av ei bursdagsgåve. Eg har tjue gjestar, så no trur eg det er riktig tidspunkt å sprette champagnen, sa den glade jubilanten til Norsk Tipping. Kupongen hadde ho kjøpt på Rema 1000 i Deknepollen.