Handballsesongen er i gong

Knallsterk kamp mot Bjørnar 2

Bjørnar 2 vann fjorårets 4. divisjon framføre Eid. Søndag var det klart for årets første møte mellom dei to laga, no i 3. divisjon.

Toppscorar: Terrence Edward Leftwich var banens beste spelar i kampen mot Bjørnar 2. Toalt scora han 10 mål i oppgjeret. Terrence var også ein av banens beste spelarar i den defensive dela av spelet. Her ragar han høgt over sine motspelarar og scorar eitt av sine ti mål. Alle foto: Tormod Flatebø 

Sport

Bjørnar sitt andrelag spelte to kampar i Nordfjord denne helga. Først møtte dei Gloppen på laurdag før dei møtte Eid i Eid Idrettshus søndag. I kampen mot Gloppen vart det tremålssiger til bergensarane, med 28–25. I kampen mot Eid var det Bjørnar 2 som starta best, sjølv olm det var Eid og Terrence Leftwich som scora det første målet. I løpet av dei første 10 minuttane bomma Eid på seks heilt opplagde sjansar. Bjørnar for sin del fekk langt betre utteljing og leia kampen med 6–3 etter åtte minutt. Det var før Eid starta opphentinga.