Vestland fylke

SV har sagt ja til samarbeidsavtale

Vestland SV med Marthe Hammer i spissen har sagt ja til den nye samarbeidsavtala for Vestland fylke.

– Ein god avtale, meiner Marthe Hammer(SV) (biletet), som saman med Sp, KrF, Miljøpartiet Dei Grøne, Arbeidarpartiet og Venstre dannar fleirtalskoalisjon. Natalia Golis (MDG) blir fylkesvaraordfører. 

Nyhende

– For SV har det vore viktig å vere med på eit samarbeid som sikrar ei utvikling i meir miljøvennleg og rettferdig retning. For oss har det vore viktig å sikre vidare utbygging av bybanen i Bergen og fortsette satsinga på kollektivtransport for storbyen og for heile distriktet, seier Marthe Hammer.
SV er svært nøgd med å få slått fast at «alle elevar skal ha rett til å gå på ein skule nær der dei bur, samstundes som ein også kan søke på andre skuler dersom ein ønsker det.»

Plattforma gjer det klart at: «Ulike inntaksmodellar skal utgreiast med mål om å gjera inntaket meir rettferdig, både gjennom å sikre eit godt tilbod i distrikta, meir mangfald i byskulene, framleis valfridom og meir tryggleik for elevar som i dag er uroa for reiseveg. Inntaket skal ikkje vere reint karakterbasert. Her skal ein sjå til andre fylkeskommunar sine inntaksmodellar.»

– Dette er ei av dei viktigaste sakene for våre veljarar. SV ynskjer eit rettferdig og godt opptakssystem med skuletilbod over heile fylket, og då er nærskuleprinsippet løysinga, seier Marthe Hammer. Ho peikar også på at nei til fleire kommersielle privatskuleplassar var svært viktig punkt for SV.  

– Vi veit at omfanget av private kommersielle videregående skular, spesielt i Bergen sentrum, utfordre heile den offentlige suolestrukturen. Difor er SV veldig glad for at partia er samde om at ein ikkje vil ha fleire private kommersielle videregående skular til fylket eller utviding av eksisterande, seier Marthe Hammer.

Innanfor samferdsle tykkjer SV det er svært gledeleg at samarbeidspartia  «prioriterer rassikring, tenleg veg, liv og helse før nye store vegprosjekt på fylkes-, riks- og europavegnettet».

– Dette er svært god vegpolitikk og ho legg til at samarbeidspartia vil «legge K5 alternativet til grunn for ny veg og bane mellom Bergen og Voss og krav om samanhengande utbygging», i tillegg til klare nullutsleppsmål.

– Hordaland har lyktes veldig godt med å stille tøffe miljøkrav i nye anbod, med det har vi kutta klimagassutslipp og samtidig bidrege til å skape nye arbeidsplasser. SV er derfor veldig glad for at partia er enig om at denne politikken skal vi fortsette med om vi skal klare det grønne skiftet, seier Marthe Hammer.

Vestland fylke vil i dei komande fire åra vere tydelege i mot vindkraftutbygging der det allereie er lokal motstand.

Det er også offensivt når det nye fylket skal ha så tydeleg nynorskprofil, og ynskjer å markere seg på integrering og mangfald.