Prøv padling ved Sagaparken

Søndag under Eidamessa kan du prøve deg på padling ved Sagaparken.

Padling: No har du sjansen å prøve padling på Eidsfjorden du også. 

Nyhende

Eidsfjorden ligg der og ventar på at endå fleire skal oppdage gleda av å bruke den.

Søndag er Åse Huse på plass i Sagaparken for å rettleie interesserte i padling.

– Padling er gøy og har vorte ein svært populær aktivitet over heile landet. Under Eidamessa har du sjansen til å prøve, fortel Huse.

Padlinga er sponsa av Handel og det er difor det er gratis. UT av Huse stiller med kajakkar og instruktørar i Sagaparken på søndag, og alle er velkomne.