Klart for fire nye år med Alfred

Venstre gjorde eit brakval i Stad, og alt tyder på at det blir fire nye år med Alfred Bjørlo i ordførarstolen.

Det var vill jubel i Venstre-leiren over det svært gode valresultatet.  

Sp og Paul Jacob Helgesen måtte sjå langt etter å bli største parti i Stad kommune.  

Ap og Siri Sandvik måtte nøye seg med 11% av stemmene, men er det tredje største partiet og er ein sterk kandidat til å bli varaordførar. 

Nyhende

 

- Vi hadde håpa på å nærme oss 30 %. Dette var over all forventning, seier ein svært letta Alfred Bjørlo. Han vart møtt av jubel av sine eigne og gratulasjonar frå alle parti då 36,2 % for Stad Venstre vart annonsert.

Bjørlo seier til Fjordabladet at dei tok på alvor målinga i Fjordabladet der Venstre låg på 21,7, betydeleg bak Sp. Truleg har det vore ein av faktorane som medverka til det gode resultatet for Venstre. Det fekk folk til å bli meir bevisste på at det er lokalt val, og det fekk Venstre sine folk til å stå på litt ekstra og til å auke trykket på valkampen i innspurten. I Selje har dei brukt mykje tid på å gå frå dør til dør, og i Eid har dei hatt postkasseaksjon.


 

Vart ordførarval

Stad Sp måtte nøye seg med 27,7 %.

- Dette er ikkje eit dårleg val. Vi hadde som mål å bli det største partiet og trudde det var innan rekkevidde. Eg er imponert over innspurten til Venstre. Dei lukkast med å gjere det til eit ordførarval, seier ordførarkandidaten til Stad Sp, Paul Jacob Helgesen.


Førehandsrøystene klare i Stad

Ser lovande ut for Venstre