Lefdal Mine Datacenter (LMD)

Jaktar på nye investorar

– Vi må investere i meir kapasitet, for å kunne ta imot større kundar. Det seier styreleiar i Lefdal Mine Datacenter (LMD), Sindre Kvalheim.

PARKERINGSHUS: Datasenteret syter for straum, kjøling og plass etter kundane sine behov og ønske. Det kan samanliknast med eit parkeringshus for konteinarar som er fylte med dataserverar frå heile verda. Vatn for kjøling vert kopla på, straum og nettverk slik at kundane kan kommunisere med serverane inne i fjellet uansett kvar dei er i verda.  

Nyhende

Inne i containerar og dataromma i tidlegare Lefdal gruve står det no 8000 datamaskiner og durar og går. Og fleire skal det bli.