Idar Sølvberg om forslag til endringar i Statens vegvesen sin tenestestruktur:

–Ille for bilbransjen i regionen

– Det vi opplever no er ei gradvis nedtrapping av dei tenestene trafikkstasjonen på Nordfjordeid yter til bilbransjen i Nordfjord. Det er svært alvorleg, og kan bli sterkt konkurransevriane.

Svært negativt: –Det som er i ferd med å skje er eit skot for baugen for heile bilbransjen i Nordfjord. Behovet for ein trafikkstasjon på Nordfjordeid er enkelt å dokumentere, seier Idar Sølvberg, dagleg leiar i Eid Motor. Foto: Tormod Flatebø  Foto: Tormod Flatebø

Nyhende

Det seier Idar Sølvberg som tidlegare i år tok initiativ til å sende eit bev til samferdsledepartementet om kva konsekvensane av ei nedlegging av trafikkstasjonen på Nordfjordeid ville bety for bilbransjen i regionen. I brevet, som er underteikna av ein samla bilbransje i regionen, blir det peikt på kva trafikkstasjon har betydd, og betyr, for den sterke bil- og transportbransjen som er bygd opp i Nordfjord dei siste 40 åra.