Om vindkraft i Eid kommune

Ønskjer ekstra møte i formannskapet

Gruppeleiaren i Eid Sp, Sigurd Reksnes har sendt spørsmål til ordførar Alfred Bjørlo om nasjonal ramme for vindkraft og uttale frå Eid kommune.

Sp-politikar Sigurd Reksnes meiner at ordførar Alfred Bjørlo (V) snarast bør kalle inn til ekstra møte i formannskapet, slik at ein kan kome i gang med arbeidet med å lage fråsegn frå Eid kommune om nasjonal ramme for vindkraft, der delar av Eid er teikna inn som gunstig område for vindkraft.  

Nyhende

Bakgrunnen er at det er framlegg om å setje av alt i ytre delar av Eid kommune, frå Haugen og vestover til vindkraft, og Reksnes meiner at dette må det takast tak i politisk.