Fleire sjåførar fekk gebyr

Statens vegvesen kontrollerte 11 køyretøy på Kjøs måndag. Fleire av desse fekk gebyr.

Statens vegvesen hadde måndag kontroll på Kjøs.   Foto: Arkiv

Nyhende

Under kontrollen på Kjøs måndag der til saman 11 køyretøy vart kontrollert, medan 218 var inne på kontrollplassen, kom det fram at eit køyretøy var for tungt på framakslinga og måtte laste av til lovleg vekt før køyretøyet kunne køyre vidare. Sjåføren fekk eit gebyr på 2450 kroner grunna overlasta.

Eit køyretøy var for breitt og måtte laste om før vidare køyring. I tillegg fekk ein bileigar eit gebyr på 8000 kroner for å ikkje ha montert bombrikka på lastebilen, medan ein lastebil hadde to dekk som var under lovleg møsterdjupn. Sjåføren av dette køyretøyet fekk eit gebyr på 1500 kroner og måtte også skifte dekk på verkstad.