Hetland sluttar som generalsekretær for lokalavisene

– Det har vore ei fantastisk, men krevjande tid, seier Rune Hetland som no gir seg som generalsekretær for Landslaget for lokalaviser (LLA) etter 25 år.

Rune Hetland gir seg som generalsekretær for Landslaget for Lokalaviser.   Foto: Erlend Daae / NTB scanpix / NPK

Nyhende

– Eg har vore i jobben i 25 år. Det er lenger enn eg hadde tenkt. Det har vore travelt og mykje arbeid. Me er ein liten organisasjon med få tilsette, så det er krevjande. Eg er 64 år og er eg sliten, seier Hetland til Nynorsk pressekontor.

Han sluttar som generalsekretær, men held fram som rådgjevar i organisasjonen for lokalavisene i Noreg. LLA har 112 medlemsbedrifter.

Små løft har auka statusen

Hetland byrja i jobben som generalsekretær i november 1994. I ei pressemelding trekker styreleiar Tomas Bruvik fram at Hetland har betra rammevilkåra og statusen til lokalavisene gjennom dei 25 åra.

– Særleg var Rune sentral då norske medium fekk 0-moms. Utan hans innsats hadde neppe momsfritaket kome, så det er ikkje berre lokalavisene, men heile medienoreg som skuldar Rune ein stor takk for dette, seier Bruvik.

Sjølv meiner Hetland at det er summen av alle små løft har gitt betre rammevilkår for avisene. Han nemner blant anna momsfritak, kompetanseløftet i avisene, landsmøta som arena for fagleg påfyll og ikkje minst mediemeldinga frå i vår.

– Den respekten lokalavisene blir vist i mediemeldinga er eit høgdepunkt, seier Hetland, som samstundes minner om at journalistar ikkje blir løna av ord, men med pengar.

– LLA treng nye krefter

Styreleiar Bruvik peikar på at Hetland også blir viktig framover, til dømes i det pressepolitiske arbeidet og for å føra kunnskapen hans vidare til ein ny generalsekretær.

Men kven som tar over jobben vil han ikkje leggja seg bort i.

– Eg skal ikkje ha noko med rekrutteringa å gjera, seier Hetland bestemt. Han legg til at LLA treng ny energi og ny kompetanse, særleg med tanke på digitaliseringa som skjer i bransjen.

Når han no trappar ned i LLA, avviser han samstundes at han trappar opp på andre område.

– Eg stiller ikkje til val i år. Det blir meir turgåing og familieliv, men eg er jo samfunnsengasjert så det blir nok ikkje noko problem å fylle tida, seier Hetland.