Flakedans på Harpen

Det vert Flakedans på skiskyttarstadion ved Harpefossen.

Gruppa Twilight frå Stryn speler på Flakedansen på Harpefossen.  

Nyhende

Også i år vil skiskyttargruppa til Stårheim IL og langrennsgruppa til Haugen IL arrangere flakedans på skiskyttarstadion ved Harpefossen. Dansen blir i morgon kveld, der gruppa Twilight frå Stryn skal spele opp. Det blir sett opp telt ein kan halde seg under i tilfelle regn. Inntektene går til å finansiere den nye rulleskiløypa i området, som blei opna i fjor.