Øiestad frå Stryn toppar vallista til bispedømerådet

Vemund Øiestad frå Stryn står som nummer ein på nominasjonskomiteen si valliste for nytt bispedømeråd i Bjørgvin.

Frå stryn: Vemund Øiestad frå Stryn er tidlegare tannlege og i dag pensjonist. 

Nyhende

Vemund Øiestad har vore medlem av Bjørgvin bispedømeråd i fire år. No er han sett opp som nummer ein på nominasjonskomiteen si valliste til nytt bispedømeråd 2019-2023. Han kan difor få flest røyster, om ikkje mange andre kandidatar blir kryssa/prioritert føre han.