Borgundvåg 0 – Italia 3

– Borgundvåg 0 – Italia 3. Slik samanfatta talsmannen for dei 49 grunneigarane i Borgungvåg, Arild Borgund Iversen, status for Oklaprosjektet på folkemøtet på Ytre Stadlandet grendahus i går.

Grunneigar: Arild Borgund Iversen representerte grunneigarane på folkemøtet.  Foto: Per Ole Lefdalsnes

Harde, men reielege forhandlingar har det vore.

Nyhende

Borgund Iversen opplyste at fleirtalet av grunneigarane er mot ei utbygging, medan nokon er for. Elles kjenner han seg ikkje heilt igjen i oppfatningar somme i lokalsamfunnet har om grunneigarane om at dei er utbyggingsforkjemparar og berre tenkjer på pengar og ikkje bryr seg om dei viktige naturverdiane som går tapt.