Endeleg klart for sjukepleiarutdanning i Nordfjord

Det er no endeleg stadfesta frå Høgskulen på Vestlandet at det blir starta opp desentralisert sjukepleiarutdanning i Nordfjord i august 2019. Åtte studentar er tatt opp på studiet, fordelt på kommunane Eid, Vågsøy, Stryn og Gloppen.

– Oppstart av desentralisert sjukepleiarutdanning er utruleg gledeleg og viktig for heile Nordfjord, og dekkjer eit stort og veksande behov for fleire sjukepleiarar, seier ordførar i Eid, Alfred Bjørlo (V).   Foto: Arkivfoto

Nyhende

–Oppstart av desentralisert sjukepleiarutdanning er utruleg gledeleg og viktig for heile Nordfjord, og dekkjer eit stort og veksande behov for fleire sjukepleiarar. Eg vil gje all mulig ros til Høgskulen på Vestlandet for viljen dei har synt for å få ei slik utdanning på plass i samarbeid med Nordfjord-kommunane, for fyrste gong på over 20 år, seier ordførar i Eid, Alfred Bjørlo (V) i ei pressemelding.

Det var Eid kommune som i 2017 tok initiativ til å kontakte Høgskulen på Vestlandet for å få starta opp eit slikt tilbod i Nordfjord frå hausten 2019, og fekk full støtte frå dei andre kommunane i Nordfjord gjennom Nordfjordrådet. Etter det har Nordfjord-kommunane på fagleg nivå samarbeidd tett om å legge alt til rette for å få tilbodet starta opp, med rekruttering av studentar, tilrettelegging av lokale, praksisplassar og studieopplegg med meir.

Oppstarten har vore meir krevjande enn føresett på grunn av nye, skjerpa karakterkrav på nasjonalt nivå for å starte på sjukepleiarstudidet  - noko som har ført til redusert søking til sjukepleiarstudiet over heile landet. Det er likevel no endeleg stadfesta at det er nok kvalifiserte søkjarar i Nordfjord til at det nye studiet kjem i gong.

«Basen» for sjukepleiarstudiet blir lagt til Eid vidaregåande skule, med Eid kommune som vertskommune på vegne av Nordfjord-kommunane. Undervisning vil delvis bli gjeve via video/ streaming, men det blir også samlingar i Bergen for studentane.

–Nordfjord-kommunane har i åra framover trong for betydeleg meir desentralisert høgare utdanning enn dette, både i sjukepleiarfaget og andre fag. Å få starta opp desentralisert sjukepleiarutdanning i haust for studentar frå både Stryn, Gloppen, Eid og Vågsøy er likevel ein flott start, og av stor symbolsk betydning. Det blir no viktig at vi arbeider systematisk i Nordfjord med å sikre at endå fleire vaksne/ stadbundne kandidatar får på plass studiekompetanse med nødvendige karakterar for å starte på både sjukepleiarutdanning og anna høgare utdanning, seier ordførar Alfred Bjørlo.